Mesohabitat- og interkohorteffektar sine påverknadar på tettleik av sjøaure (Salmo trutta) i seks sidebekkar til Verdalselva ; Effects of mesohabitat use and intercohort competition on the density of sea run brown trout (Salmo trutta) in six tributaries of the Verdal River
Norwegian University of Life Sciences, Ås, 2022
Online
Hochschulschrift
Zugriff:
Det siste århundret har sjøauren (Salmo trutta) opplevd ein vesentleg populasjonsnedgong i Trøndelag og sørover langs norskekysten. Menneskeleg påverknad i bekkar har forringa eller øydelagt mykje habitat. Meir kunnskap om habitatbruken til sjøauren er difor naudsynt for å ta betre forvaltningsavgjersler. I denne studien vart seks bekkar i Verdalsvassdraget i Trøndelag undersøkt. Noko uvisse har vore knytta til effektane av interkohortkonkurranse og abiotiske faktorar på sjøauretettleiken i desse bekkane. Denne studien undersøker effektane ved å sjå på mesohabitatet på ein finare skala enn tidlegare undersøkingar. Variasjonen i mesohabitatet vart beskriven gjennom kulp, brekk, stryk og død ved etter ein modifisert MESOHABsim modell. Tettleikstal for yngel (0+) og ungfisk (1+) vart innhenta ved elfiske. 29 stasjonar vart elfiska ved å dele kvar stasjon inn i 10 mindre segment, slik at den romlege koplinga mellom fisken og mesohabitatet vart nærare enn på stasjonsnivå. For kvart segment vart tettleikstal for 0+ og 1+ estimert, antall død ved notert, og prosentvis dekke av kulp, brekk og stryk vart estimert. Fire miljøvariablar vart samla inn og knytta opp til mesohabitatstrukturane kulp, brekk og stryk. Tettleiken av 0+ vart mest effektivt forklart av ein zero inflated GLMM-modell med tettleik av 1+, brekkdekninga i bekken og kulpdekninga som forklaringsvariablar. Tettleik av 1+ og brekkdekninga var einaste variablane som hadde ei positiv innverknad på 0+. Denne positive innverknaden av 1+ på 0+ vart forklart gjennom lite 1+ i bekken, krevjande miljøtilhøve eller at bekkane var langt unna bæreevna. Positiv effekt frå brekket vart knytta opp mot at brekket er eit gytehabitat og har god næringstilgong. Tettleik av 1+ var mest effektivt forklart av diversiteten i mesohabitatet, der diversitet i fordelinga av kulp og brekk påverka tettleik positivt. Ei noko positiv effekt av kulp var knytta til at kulpane gir stor romleg variasjon for territoriell 1+. Mengda død ved forklarte ikkje tettleikar av verken 0+ eller 1+. ...
Titel: |
Mesohabitat- og interkohorteffektar sine påverknadar på tettleik av sjøaure (Salmo trutta) i seks sidebekkar til Verdalselva ; Effects of mesohabitat use and intercohort competition on the density of sea run brown trout (Salmo trutta) in six tributaries of the Verdal River
|
---|---|
Autor/in / Beteiligte Person: | Njaa, Trygve Leigland ; Haugen, Thrond Oddvar ; Stensland, Stian |
Link: | |
Veröffentlichung: | Norwegian University of Life Sciences, Ås, 2022 |
Medientyp: | Hochschulschrift |
Schlagwort: |
|
Sonstiges: |
|